Rehabiliteringa av Lasse og Geir

Dei vart kalla det verste som har hendt norsk film. No er Lasse og Geir tilbake – restaurert, diskutert og meir levande enn nokon gong

Eir Bjåland

11/2/2025

Lasse og Geir er filmen som skulle starte den 20 år lange filmkarrieren til Noregs mest omdiskuterte filmduo, Svend Wam og Petter Vennerød. Det er òg denne filmen som har vore mest kjend i ettertid – om ikkje ved namn, så motlegg gjennom dei utalde sitata som er kjende derifrå.

Elska og hata av dei som kjenner den – ofte samtidig og av same grunnar – har filmen eit heilt anna rykte i dag enn då den kom ut for nesten 50 år sidan. Sjølv om Wam og Vennerød har fått ein liten opptur igjen dei siste åra, først med restaureringa og nyutgivinga av Lasse og Geir og så utgjevinga av Den siste filmen av Petter Vennerød i 2023, sit dei framleis att med ryktet om å vere det verste med norsk film på 70-talet.

Frå kritikarpris til kalkunstempel – og til slutt kultstatus

Wam og Vennerød blei nemleg i si tid ein slags lynavleiar for norske filmkritikarar og vart praktisk talt sett på som fritt vilt for all slags harselas og nedverdigande utsegn. Ser ein på noko av det kritikarane sa om dei, vil dei fleste nok meine at dette var usmakleg og regelrett mobbing – uavhengig av kva ein synest om filmane deira. Dette har utan tvil påverka ettermælet deira betydeleg.

Lasse og Geir er først og fremst kjend som ein kultfavoritt som er så dårleg at den er morosam. Med overdrive dramatisk skodespel, merkeleg utdatert 70-tals slang og til tider absurde dialogar er det vanskeleg å sjå denne filmen utan å dra på smilebandet.

Ein ting som er interessant med denne filmen, er at det verkar å finnast ein slags idé om at alle alltid har meint at den har vore latterleg dårleg – når dette rett og slett ikkje stemmer. Då filmen kom ut, var den ein kinosuksess, og kritikarane rosa den beint over. Den vann til og med kritikarprisen. Det var ingen kommentarar på at språket var merkeleg, og ungdommen tok den til seg som deira film.

Den rotlause ungdommen

Men på eit tidspunkt snudde det, og i dag sit vi att med ein film som det har blitt gjort så mykje narr av at folk ikkje eingong veit at den ein gong vart sett på som ein seriøs film.

Eg vil likevel seie at det er å gå for langt å påstå at filmen ikkje er morosam og rar – og på mange måtar «dårleg» etter dagens standardar. Men samtidig: kan ein ikkje òg sjå på nokon av desse tinga som kvalitetar, ettersom dei er mykje av grunnen til at den er så populær i dag? Samstundes trur eg det er mykje å lære av filmen om ein tør å ta den litt meir seriøst enn vi har gjort frå 80- til starten av 2000-talet.

Filmen følgjer dei 18 år gamle pøblane Lasse og Geir, spelt av Torgeir Schjerven og Lasse Tømte.
(Ja – Lasse spelar Geir, og TorGeir spelar Lasse. Dette skal visst ha vore forvirrande på settet.)
Om det er éin ting som går att i filmane til Wam og Vennerød, er det at dei stiller seg på lag med dei som står utanfor i samfunnet – og dette er ikkje noko unntak.

Lasse og Geir representerer den rotlause ungdommen som er driven til så kraftig kynisme av samfunnet rundt seg at dei har forakt mot alt og alle. Dei oppfører seg kanskje som to dritsekkar, men vi lærer fort korleis dei har blitt slik.

Lasse og Geir kjem frå heimar fylt med alkoholisme og vald. Og sjølv om dei kan vere ordentleg usympatiske til tider, prøver dei òg innimellom sitt beste på å hjelpe andre. Men kva får dei igjen for dette? Nesten kvar gong Lasse og Geir prøver å gjere noko for å hjelpe andre, vert dei straffa for det.

Det er dermed ikkje vanskeleg å sjå korleis desse to gutane har blitt som dei er. Dei har blitt så kyniske av korleis samfunnet har behandla dei at sjølv om det finst folk rundt dei som kan tilby noko å tru på, nektar dei blankt å ta det imot.

Lasse og Geir er dermed ikkje berre eit bilete på korleis eit utakknemleg samfunn kan drive folk til nihilisme, men òg eit uttrykk for at – uansett kor utanfor du føler deg – så er det alltid noko å kjempe for.